Southbound 21. Juni // Stødt Bar & Scene

Fredag 21. juni står endeleg SOUTHBOUND klare til å scena på Stødt på eiga hand! Hugsar du Thin Lizzy? Om ikkje: Høyr med far din. Utover 70-talet og starten av 80-talet stod legendariske Thin...
This activity is completed or marked as expired
21.jun
-
kl 19:00

Details

Fredag 21. juni står endeleg SOUTHBOUND klare til å scena på Stødt på eiga hand! Hugsar du Thin Lizzy? Om ikkje: Høyr med far din. Utover 70-talet og starten av 80-talet stod legendariske Thin Lizzy for noko av den flottaste og mest breidbeinte og melodiske rocken verda har høyrt. Phil Lynott sin drivande plekterbass, virtousen Brian Downey bak trommene, og to herlege twin-gitarar der framme i front i lag med rockpoesi som femner heilt frå hardtslåande opp-i-trynet-punch til dei såraste kjærleiksklagene. Southbound er nok eit framifrå produkt av musikkollektivet Steinnes Whitehouse. Dei er 5 vaksne musikarar frå Ørsta/ Volda med kjærleik for og tru på, at den argaste rocken er langt ifrå død. Bandet gler seg til å vise fram klart og tydeleg at høge musikk faktisk var litt høgare før! Det vert songar om ein cowboy i solnedgong, dansing i måneskinet, whiskey og sjølvsagt eit hint eller to om at no er gutane attende i byen. Ta med tanta di, bror din, gjerne far din og hamsteren (dersom vakta slepp han inn, ja), og bli med på Southbound sin fyrste fullskala kveld som headliner! Southbound består av: Trond Are Ryste – slagverk Henning Hamre – gitar Vidar J. Vartdal – gitar Erik Moe – bass Kjell Varpen - vokal Aldersgrensa denne dagen er 20+. Etter konserten blir det stemningmusikk på anlegget resten av kvelden!

Practical

Enjoy code: 646219
Type
Concert
Target groups
Elderly, Youth, Kids, Adult
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.