star
star
star
star
star

Stamseterhovden

Følg stigen opp gjennom furuskogen. Du går forbi brua over Stamåi og skogsvegen som går til Stamsetra etter 1,1 km. Stamsetra ligg på grensa til Ottadalen landskapsvernområde i randsona til...

Practical

Enjoy code: 433816
Køyr Rv.15 til 9,7 km vest for Dønfoss i Skjåk, og parker der stigen startar på nordsida av riksvegen.
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids
Duration
30 minutes
Distance
2.3 km
Difficulty level
Medium
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Følg stigen opp gjennom furuskogen. Du går forbi brua over Stamåi og skogsvegen som går til Stamsetra etter 1,1 km. Stamsetra ligg på grensa til Ottadalen landskapsvernområde i randsona til Reinheimen nasjonalpark. Stigen går vidare langs fossen i Stamåi, før den svingar mot vest og opp ryggen mot Stamseterhovden. Det er flott utsikt mot Skridulaupen i vest og Breheimen i sør. På heimtur kan du gå over Stamåi bru og skogsvegen 500 meter mot Stamsetra. Skogsvegen er merka frå Stamsetra og ned til Rv.15. Her må du gå 1,2 km langs Rv.15 for å komme til bilen.

Frå stigdelet mot Stamseterhovden kan du gå vidare innover Gjeitådalen på umerka stig. Stamseter er eit fint utgangspunkt for stigen vidare innover Heggebottflye til Sveinbu og Lordalen i Lesja. Det er 10,5 km frå Stamseter til Sveinbu. Viss du har lånt nøkkel hjå Skjåk Almenning kan du overnatte i Sveinbu. Eit anna alternativ er å gå stigen mot Stamåtjønna