star
star
star
star
star

Steindalen til Osa over Dyrdalen og Vassetstøylen

Køyr til Steindalen og gå over brua og følg skogsvegen austover på nordsida av elva. Etter ca. 100 m etter grinda ved sankegardane, fylgjer du vegen til høgre. Gå ca. 1,5 km, og kryss ei lita elv....

Practical

Enjoy code: 625094
Eikefjord sentrum køyrer du sørover på Fv 542 ca.1,5 km og tek av mot Steindal på Fv 541
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Adult, Youth, Elderly
Duration
30 minutes
Distance
9.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Køyr til Steindalen og gå over brua og følg skogsvegen austover på nordsida av elva. Etter ca. 100 m etter grinda ved sankegardane, fylgjer du vegen til høgre. Gå ca. 1,5 km, og kryss ei lita elv. Fortset ca. 100 meter då har du to val, å fylgje ein merka sti - pålar med raud måling - på skrå opp lia til støylen, eller gå vidare på skogsvegen. Etter ca. 1 km. på den, kjem du til Rimmaelva. Sving der opp lia på austsida av elva og kryss elva tilbake ved søre kant av stølskvia på Steindalsstøylen.

Gå vidare frå Steindalsstøylen nordover til Rimmavatnet og kryss elva der. Gå så aust om vatnet og opp lia langs elva frå Dyrdalen, fyrst på austsida så over til vestsida på ei lita bru halvveges opp i lia. Oppe på kanten kjem du til første vatnet i Dyrdalen og du kan fortsette nordover på vestsida av vatna forbi ei lita sankebu.

Nord på bergkanten, Skredene, er det utsikt over Eikefjorden og dalen oppover. Du rundar vestover ved Skredskora, og går vidare til Kyrkja (stor stein). Derfrå går du på rinden vestover i retning Vassetstøylen der du går vidare mot Osastøylen og til Osa

Turen er teikna inn og er ei rettesnor