star
star
star
star
star

Steindalen til Steindalsstøylen, Dyrdalen og Steindalsfjellet

Gå over Steindalsbrua og følg skogsvegen austover på nordsida av Steindalselva. Etter ca. hundre meter etter grinda ved sankegardane, følger du vegen til høgre. Kryss ei lita elv og gå vidare til...
Photo: Arnfrid Bergheim

Photos

Practical

Enjoy code: 468135
Fv 541 og ta av til Steindalen. Parker ved Steindalsbrua.
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Youth, Elderly, Kids
Duration
3 hours
Distance
7 km
Difficulty level
Medium
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Gå over Steindalsbrua og følg skogsvegen austover på nordsida av Steindalselva. Etter ca. hundre meter etter grinda ved sankegardane, følger du vegen til høgre. Kryss ei lita elv og gå vidare til du kjem til pålar med raudt merke på til venstre for vegen. Følg pålane på skrå opp lia til Steindalsstøylen.

Frå Steindalsstøylen går du vidare nordover til Rimmavatnet og kryssar elva der. Gå så aust om vatnet og opp lia langs elva frå Dyrdalen, først på austsida så over til vestsida på ei lita bru halvvegs opp i lia. Oppe på kanten kjem du til første vatnet i Dyrdalen.

Ved første Dyrdalsvatnet tar du av til Steindalsfjellet. Her svingar du til venstre og går vestover. Stigninga tek til med ein gong. Følg den sørlege kanten oppover. Her er ein god del merking med små vardar. Oppe på kanten flatar det ut, og du går vidare vestover. Du vil etter kvart sjå varden på toppen og kan gå etter den. Undervegs må du krysse to elvar. Varden er høgste punktet, 801 moh.