Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Traktorvegen går heilt opp til Dyrhaug 1,6 km - er lett å gå sjølv om det kan vera nokre bratte parti. Om lag 800 m lenger opp frå parkeingsplassen står eit skilt Sti gjennom lerkeskog her kan du få ein fin opplevelse å gå på mjuk skogsbotn av barnåler. Du kjem inn på same traktorvegen litt lenger opp etter denne fine avstikkaren. Det er noko spesielt å gå gjennom ein slik tett lerkeskog både for vaksne og barn. Vegen vidare oppover svingar seg gjennom granskog og bjørkeskog fredeleg og fin tur.. På Dyrhaug bør du ta ein liten avstikkar til høgre sjå skilt - og gå gjennom grinda opp til rasteplassen like ovanfor hytta berre 100 m. Her bør du ta ein pause på rasteplassen og nyta utsikta. Ved Dyrhaug går fellessti vidare til Ørnaberget og Stemmetjørna. Stien er godt merka med merkepinnar og er lett å gå på nokre våte parti. Oppe på Ørnaberget er det flott utsikt over heile Vatsbygda og innover til Ølen. Fin familietur. Dersom du ikkje vil gå same vegen tilbake, kan du gå nedatt til E 134 1,6 km ned mot Tjelmarmyra ved å følga skilta sti nedover liane i eit meir kupert terreng. Nede ved Tjelmarmyra er det ikkje lange vegen opp til parkeringsplassen der du kanskje har bilen ståande. Følg skilta og merkepinnane nedover. Fin rundtur
Terreng: Følg god traktorveg med nokre bratte parti opp til Dyrhaug. Stien vidare er lett å gå godt merka nokre våte parti før du svingar opp til Ørnaberget.
Fottøy: Gode tette sko..