Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Fin og lett tur gjennom svært frodig landskap i Mørkridsdalen. Turen byr mellom anna på kvite elvestryk, stille tjørn og ei triveleg stølsgrend. Høgdeskilnad: 310 m.
Køyr bilvegen til parkeringsplassen på Hødnevollen. Undervegs hit passerer du stølane Bratten og Dalen, og vidare framover i Mørkridsdalen finn me Knivabakkli, Dulsete, Råsane, Liane, (Lange) Dalen, Fossen, Nobbi og Fjellsli. Stølsdrifta tok slutt på 40 og 50 talet, og etter det har området for det meste vore nytta til sauebeite. Meir enn 2000 sauer beita her på det meste. Rovdyrplage og dårlege kjøtprisar har meir enn halvert talet på sauer i dalen. Ved Storetjødni skil stien seg. Her i vegskilet kan ein sjå stølen Råsane høgt oppe i lia. Ruta vår går langs høgre sida av tjørna. Lenger framme finn me tre små tjørner til på rekke. Det er Djupetjødni, Flåtjødni (den grunne) og til slutt Svinetjødni. I dette området bør ein ta god tid til både å studera planteliv, og lytta til fuglesongen. Få stader kan ein høyra slik fuglesong som her. Dulsete er vårstøl for garden Hauge i Skjolden, og Moen i Mørkridsdalen. Fram til om lag 1960 vart delar av stølen nytta til slåttemark. Dei samla høyet i tre løer, og køyrde det heim til gards om vinteren. Også tømmer frakta dei herifrå til bygda på vinterstid. På andre sida av elva ser ein stølen Knivabakkli.