star
star
star
star
star

Storafjell

Ta av frå F49 opp Grøningsvegen. Etter ein liten km startar bomveg. Ca 1 ½ km lenger oppe, der vegen har flata ut, står det skilt på venstre side av vegen: Ivarstien. Fylg stien til stølen. Det er...
Photo: Karen Matthiessen

Practical

Enjoy code: 254606
Ta av frå F49 opp Grøningsvegen. Etter ein liten km startar bomveg.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Elderly, Adult, Kids
Duration
1 hour
Distance
2.9 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Ta av frå F49 opp Grøningsvegen. Etter ein liten km startar bomveg. Ca 1 ½ km lenger oppe, der vegen har flata ut, står det skilt på venstre side av vegen: Ivarstien. Fylg stien til stølen. Det er fleire stiar frå Grøningsvegen opp til stølen, prøv gjerne å gå ei anna rute ned att. Klepp er støl for gardane Risa, Indre og Mitre Børsheim og Grøning (sjå Klepp på ut.no).

Gå til ytste delen av stølen, ved utsiktspunktet og flaggstanga (biletet). Viss du då vender ryggen mot fjorden ser du rett på stien mot Storafjell (Storefjellet på kartet). Det er nokså tydeleg sti, han rundar utover og kjem opp til Storafjell i den sørlege enden. Du kan gå opp på toppen her, eller du kan gå bak toppen og opp lengre mot nord.