star
star
star
star
star

Store Høydal Håstein platået Rundtur

Håsteinen platået består av tre toppar Inste Håsteinen 965 moh, Yste Håsteinen 915 moh og Høydalsnipa 933 moh. Turen startar i Store Høydal. Du fylgjer skogsvegen på venstre sida langsmed elva....
Photo: Hjorthefoto

Practical

Enjoy code: 416349
Turen startar frå Store Høydal. Vi startar på skogsveg (elv på høgre side av skogsvegen). Parkering ved grustak ca. 50 meter nærmare Stavang
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
7 hours
Distance
14.7 km
Difficulty level
Export
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Håsteinen platået består av tre toppar Inste Håsteinen 965 moh, Yste Håsteinen 915 moh og Høydalsnipa 933 moh.

Turen startar i Store Høydal. Du fylgjer skogsvegen på venstre sida langsmed elva. Parkering ved grustak ca. 50 meter forbi skogsveien, retning Stavang. På skogsvegen og stien opp finn du nokre raude merker og vardar. Gå på skogsveg og sti til slettene mot Høydalsvatnet . Her kryssar du elva på bru og fortset stien innover. Ta til høgre når du møter skiltet mot Håsteinen. Breiskåra kan virke luftig, men det er god sti og godt å gå. Ved toppen av Breiskåra vel du å fylgje sti opp til Høydalsnipa. For å få ein fin rundtur kan du gå frå Høydalsnipa til nordsida av Håsteinsvatnet og rundt fjellmassivet. Gå opp på nordsida av Yste Håsteinen (rett etter at ein har passert eit bratt fjellparti) og fylgje ryggen sørover til Inste Håsteinen. Her får du fin utsikt nedover mot Osen og osen bru. Kartreferanse der ein startar oppstigning (Håsteinen si nordside) er 086/278. Ved bruk av GPS (WGS84). Eit anna alternativ er å gå ned mot Håsteinsvatnet og vidare på høgre sida og opp til Inste Håsteinen. Du følgjer same ruta ned att til Håsteinsvatnet og går til venstre ned Villbøen ein bratt grasbakke. Du går så vestover og følgjer ryggen mot Høydalsvatnet. Her er delvis sti. På enden av ryggen tek du ned til høgre i elvefaret, du må kanskje klyve litt.

Du går ned mot Høydalsvatnet og vestover til du møter skiltet mot Håsteinen og fylgjer då same veg attende til Store Høydal som du gjekk opp. Det kan vere litt vanskeleg å finne stien ved Høydalsvatnet. Ikkje gå heilt ned til vatnet før du går vestover. Etter å ha passert vatnet finn du lett stien. Stien skal vere i skogkanten og ein kjem til Håsteinskiltet.

Lengde Storehøydalen - Yste Håsteinen 7 km. Storehøydalen - Høydalsnipa er 5,2 km. Rundturen på nordstida av Håsteinsvatnet er 15 km - 7 timer Høgde Høydalsnipa - 933 moh. Iste Håsteinen 965 moh Rundturen totalstigning på 1 200 m

Rød tur Håsteinen/Høydalsnipa

Svart tur rundturen