star
star
star
star
star

Stuvasete, Munketrimmen

Frøyneslia følgjer ein rygg frå Ullensvang ved fjorden og til fjells. Langs ryggen er det stupbratt ned til Elvadalen der elva Opo renn mot Sørfjorden. Det spektakulære fossefallet Skrikjo, som er...
Photo: Ivar Eidnes

Practical

Enjoy code: 159627
Det er parkering ved Ullensvang Kyrkje. Turen går opp mot Folkehøgskulen, men før skulen går stien vidare mot Frøynes.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
2 hours
Distance
5.2 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Frøyneslia følgjer ein rygg frå Ullensvang ved fjorden og til fjells. Langs ryggen er det stupbratt ned til Elvadalen der elva Opo renn mot Sørfjorden. Det spektakulære fossefallet Skrikjo, som er del av Opovassdraget, stupar ned mot dalen rett ovanfor Frøyneslia. Landskapet i området er typisk for Hardanger og Sørfjorden: Storslått og vakkert. Stølen Stuvasete ligg midt i lia og var tidlegare ein godt brukt støl, men er idag på veg til å forfalle. Det er framleis ein flott plass å oppleve, med spektakulær utsikt.

Vegen opp går frå kyrkja i Lofthus og opp vegen mot Frøynes. Ein tek så av og går ein rimeleg bratt sti mot Stølen. Frå Stuvasete og tilbake kan ein ta turen ned vegen mot Kolgrevene og Frøynes, for å gjere nedfarten noko mildare. Denne ruta kan sjølvsagt også nyttast opp, dersom stien vert for bratt.

Stuvasete er ein av turane i munketrimmen. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangørUTIL(Ullensvang turn- og idrottslag).