Details
Sunnmøre Baarelag, av mange rekna som pionerane innan Sunnmørsrock, er i år inne i sitt 45. år som aktivt band. Mange var skeptiske til dette nye bandet i 1980 som spelte rock og song på klingande sunnmørsk dialekt. Gjennombrotet kom etter lanseringa av singelen 'Blide Mannj' i 1983 og det tok skikkeleg av etter lanseringa av plata 'Kjekke Kara' i -86. Baarelaget har i årevis vore inspirasjonskjelde for mange band i ulike sjangerar, og i dag er det heilt naturleg å synge på si eiga dialekt. Tar du turen til Stødt skjærtorsdag får du oppleve eit Baarelag som er spenna klar for å gi full gass og presentere både gamle 'slægers' frå ei imponerande karriere og muligens også låtar frå utgivelsane som du ikkje hadde venta å høyre. Velkomen til fest !
Practical
Sponsored links
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Available tickets
17/04 2025 8:00pm