Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Stigen har ein gong vore merka med blått.
Stigen over Vikhø er 2,4 km fram til brua over bekken mellom Aursjotjønn og Aursjoen. Frå Aursjotjønn går du på tydelig råk oppover langs Skridugrove mot Mjølakolotjønna. Etter 1 km frå Aursjotjønn passerar du grensa for Nord-Ottadalen landskapsvernområde som ligg sør for Reinheimen nasjonalpark.
Litt lenger framme kan du sjå deg attende mot Vasstakhø og vassvegane som går i sida rundt fjellet. Vassvegane fører vatn frå Skridugrove og ned til vatning på gardane i bygda.
Når du kjem opp mot Mjølakolotjønn, kan du sjå ein særmerkt varde mot nord. Den heiter «Mann i båt» og ser også slik ut.
Etter oppstigninga frå Mjølakolotjønn, kjem du på høgaste punkt på stigen og kan sjå utover øvste delen av Lordalen, over mot Nørdre Svarthaugen og Lorhogget, og bak den Stamåhjulet og Skarvedalseggen.
No er det lett tur vidare forbi Lortjønna og fram til Sveinbu. Sveinbu er Skjåk Almenning si hytte som du kan overnatte i. Den ligg like ved grensa for Reinheimen nasjonalpark og Lesja kommune.
Frå Sveinbu er det om lag 4 timar fottur til Nystra i Lesja og veg i Lordalen og om lag 3 timar tur sørvest over Heggebottflye til Heggebottseter i Billingsdalen i Skjåk.
Frå Aursjotjønn kan du også gå vidare innover tydeleg, men umerka stig mot Aukarsvatnet 3,2 km.
Skjåk Almenning har utleige av Sveinbue og båt på Lortjønna. Hytta er 21 m² og har 4-5 sengeplassar i kombinert opphaldsrom, kjøkken og soverom.
Lortjønnen er ei rekkje av 5 tjønn i indre Lordalen. Nedre tjønne ligg nærast Sveinbu. Ovanfor ligg Stortjønn, Pålvikje, Nebbetjønn og Løtjønn på rekkje.
Det vert sett ut fisk på Løtjønn. Elles har Lortjønnen tilnærma urørt aurebestand fordi kultiveringa er avgrensa til nokre yngelutsettingar av ei lokal stamme. Det er registrert skjoldkreps i Lortjønnen. Nedre tjønn er eit garnfiskevatn, og fisken er vanskeleg å ta på anna reiskap.
Området er fint for heile familien. På småtjønna i indre Lordalen og rundt på Mjølakolotjønn, Såvarhaugtjønn, Bobergtjønn, Åflottjønn og fleire, kan du legge opp fine fisketurar med stong. Du kan også prøve elvefiske i øvre delar av Lora.