star
star
star
star
star

Sykkeltur Norheimsund - Tokagjel - Norheimsund

Turen byr på litt landeveg, litt terrengsykling men mest skogsvegar eller lite trafikkerte lokalvegar.Fv7 gjennom Tokagjelet er sterk trafikkert med fleire tunellar så vis hensyn og ver synleg i...

Practical

Enjoy code: 338671
Turen startar i Norheimsund sentrum. Stort sett greit å finne parkering. Turen kan også startast/avsluttast ved Steinsdalsfossen.
Type
Outdoor
Target groups
Elderly, Adult, Kids
Duration
4 hours
Distance
16.9 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen byr på litt landeveg, litt terrengsykling men mest skogsvegar eller lite trafikkerte lokalvegar.Fv7 gjennom Tokagjelet er sterk trafikkert med fleire tunellar så vis hensyn og ver synleg i trafikken.

Ein startar turen med å sykle over Straumebrua og opp fyrste bakken i Norheimsvegen der ein tek til venstre. I enden av gata startar grusveg på nordsida av Movatnet. Denne fylgjer ein til Steinsdalsfossen. Herfrå fylgjer ein Fv7, fyrst på gang og sykkelveg til motbakkane startar, då må ein ut i bilvegen ei stund.Vis hensyn og ver synleg i trafikken!

Oppover Tokagjelet er det kjekkast å fylgje gamlevegen der den er open for ferdsle. Både naturmessig og trafikkmessig er det det beste, litt transporthistorie får du med deg og.

På toppen av Tokagjelet er det nesten slutt på motbakkane på denne turen. Ta til høgre forbi ein stor parkeringsplass og vidare på veg som er stengd med bom.

Etter nokre hundre meter på denne vegen skal du ta av til høgre på ein sti i eit elles myete terreng. (Dersom du fylgjer vegen til den passerer elva har du sykla for langt) . Deler av partiet opp til du er på toppen av bakken kan vera litt vanskeleg å sykle. Frå toppen av bakken er stien tydlegare og enkel å fylgja til Nyasete. Frå Nyasete er det god skogsveg å sykle på.

Ta til venstre i fyrste kryss, så til høgre nedover. Seinare igjennom grind, over bekk, ny grind og inn på ei slåttemark. Over den og vidare på veg ned til Rosseland og derfrå til Steinsdalsfossen på asfaltert veg. Frå fossen, same veg tilbake til Norheimsund..