Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Sykkeltur etter grusveg frå Pollfoss i Ottadalen til Sota Sæter i Ostridalen i Skjåk. Du kan starte frå Pollfoss eller Sota. Startar du frå Pollfoss syklar du gjennom Botn og opp til Framruste seter og Bråtååsen etter god grusveg som ble nybygd etter gamal trasé i 2007. På Bråtååsen er du 906 moh og har god utsikt. Sykkelruta går vidare på grusveg ned til Mork i Bråtå og Fylkesveg 486 til Sota.
Fylkesveg 486 - Sotvegen - går gjennom Bråtå, forbi Dyringen seter, opp Dyringskleiva og innover langs Liavatnet til Sota Sæter. I Liavassosen får du fin utsikt mot Breheimen og mot Tverrådalskyrkja.
Fyrste bilde er frå Pollvatnet og innover mot Framruste seter med sykkelvegen i dalen. På andre bilde ser du Liavatnet mot Sota med sykkelvegen langs vatnet.