Similar alternatives
Details
Ein kveld med Jakob Sande
Lytt til Gunnstein Akselberg sine refleksjonar rundt Jakob Sande og tema lengt og forteljekunst før framsyninga Send storm i Nynorskhuset. Kva er forteljekunst og kva betydning har den? Gunnstein Akselberg er namnegranskar og professor emeritus i nordisk språk ved UiB. Han har vore fast gjest i Linda Eides språksjov på NRK og aktivt medlem i Jakob Sande – selskapet i mange år.
Sande er ein bauta i norsk kunst- og språkhistorie og i 2020 opna Jakob Sande – nasjonalt senter for forteljekunst, med hovudsetet i Sande sitt barndomsheim, i Klokkargarden i Dale.
Denne hausten marker Teater Vestland at dei har fått posisjon som senter for nynorsk scenespråk som vil ha hovudsete i Nynorskhuset i Førde.
Teater Vestland og Sandesenteret med vener vil saman feire Sande, forteljekunsten, språket gjennom produksjonen Send storm, med ein Fest i Fjaler og 4 samtalar om Sande i Nynorskhuset.