star
star
star
star
star

Topptur til Blegja (1305moh) - A20

Med 1305 meter er Blegja den høgste fjelltoppen i ytre Sunnfjord. Parkering er ved informasjonstavla til Askvoll kommune. Sjølve stien startar 100 meter lenger framme, retning Askvoll. Turen opp er...

Practical

Enjoy code: 142657
Parkering er ved informasjonstavla til Askvoll kommune. BrukTurkart Askvoll i målestokk 1 : 50 000
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
6 hours
Distance
4.8 km
Difficulty level
Export
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Med 1305 meter er Blegja den høgste fjelltoppen i ytre Sunnfjord. Parkering er ved informasjonstavla til Askvoll kommune. Sjølve stien startar 100 meter lenger framme, retning Askvoll. Turen opp er krevjande og ein tek 5-6 timar i moderat tempo. ca. 9,8 km tur/retur. Første del av turen går på tydlege stiar fram til den private hytta Nipebu. Ruta går så i retning Rørviknipa på utydeleg sti til foten av nipa. Stien følgjer fjellfoten fram til Nipevatnet. Stien er delvis merka med vardar. Herifrå ser du topplatået på Blegja. Ein går først langs venstre sida av Nipevatnet, så litt oppe i fjellsida. Deretter kryssar ein ei laus steinur før ein kjem til ein fjellrygg. Her går ein opp fjellryggen til ei steinur i retning skaret mellom egga på Rørviknipa og Blegjaplatået med lett klatring dei siste meterane opp på platået. Varden ligg nord på platået med utsikt til Alden, Jostedalsbreen og dei sju fjell rundt Bergen.