Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Topptur til Solvorn-nipa via to stølar. Bratt enkelte stader. Solvornnipa byr på flott utsikt i alle himmelretningar. Høgdeskilnad: 1020 m.
Turomtale etappe for etappe
Solvorn Setålen: Ein tur på ca 1 time. I starten følgjer ein den gamle stølsvegen til den møter skogsvegen. Her kan du velje to trasear vidare. a) Gå skogsvegen til stien på austsida av Setålen. Dette er den lettaste ruta. b) Det andre alternativet er å ta til høgre i krysset, følgja skogsvegen om lag 100 m for så å ta av og følgja den gamle stølsvegen opp Langebakken til stølen.
Ein rundtur er såleis fint mogleg her. Flott utsikt ventar på Setålen. Tidlegare var det fire sel på stølen. Kvart av hovudbruka hadde inngjerda slåtter med løer. Høyet vart køyrt til Solvorn med hest og slede om vinteren. Eit år det var snølaust sette dei opp løypestreng som ein enno kan sjå restane av.
Setålen Fjellstølen: Denne turen tek 1/2-1 time. Vegen går i svingar i bratt terreng - først gjennom furuskog, sidan gjennom bjørkebeltet før det lysnar opp, og dei gamle stølstuftene på Fjellstølen dukkar opp med fine grasvollar og flott utsikt innover Lustrafjorden.
Fjellstølen Solvorn-nipa: Turen vidare opp på Solvorn-nipa tek om lag 1 ½ time. Stien er merka innover Hestdalen forbi vasskiljet mot Sogndal. Her tek stien av opp langs bjørkelia over Blåberg. Landskapet opnar seg opp på baksida av Solvorn-nipa, og det er flott utsikt mot Barnsesfjorden og Sogndal. Over skogen er det mogeleg å gå dei fleste stader til varden på toppen 1031 m.o.h. På toppen kan du nyta flott utsikt mot Vetle-Haugmelen i søaust, Sogndal i sørvest, og innover Lustrafjorden mot Jotunheimen