star
star
star
star
star

Topptur til Torgeirsletta frå Øen

Tekst henta frå Geoatlas. Skriven av Håkon Haukøy. I Sørbøvågområdet ragar Torgeirsletta høgast mellom dei vanlege fjelltrimpostane når det gjeld høgd over havet, heile 523 meter. Fjelltoppen er som...

Practical

Enjoy code: 335077
Parkering ved Øen kapell, der det er god plass. Startpunktet ligg 9 km vest for Hyllestad sentrum langs FV607, retning Sørbøvåg.
Type
Outdoor
Target groups
Voksen, Barn
Duration
2 hours
Distance
2.7 km
Difficulty level
filters.difficulty.options.middels
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Tekst henta frå Geoatlas. Skriven av Håkon Haukøy.

I Sørbøvågområdet ragar Torgeirsletta høgast mellom dei vanlege fjelltrimpostane når det gjeld høgd over havet, heile 523 meter. Fjelltoppen er som namnet fortel, ingen typisk topp, men ei avrunda grasgrodd slette. Like forbi går den gamle kyrkjevegen mellom Skor og Øn så besøket på Torgeirsletta kan lett kombinerast med ei vandring på denne ruta.

Utgangspunkt for turen

Det er mogleg å starta både frå Øn ved kapellet eller frå Smilla. Stien opp frå Smilla er heller bratt, men her kjem du deg snøggare over skoggrensa, og utsynet vert betre. Diverre gror denne vegen meir og meir til, så han er ill å gå i dårleg ver, og det kan vere vanskeleg å finne fram om du ikkje har gått der før. Enklare er det å gå på den merka stien som startar like nord for parkeringsplassen ved Øn kapell.

Grei oppstigning

Med Øn som utgangspunkt, vil du gjere turen opp til Torgeirslett unna på 1 til 2 timar. Du vil undra deg over kor frodig landskapet er, men du skal vakte deg litt for å gå utanom merka veg, for kjem du opp i dei rette sprakefelta, kan motløysa stiga fort og kreftene minka tilsvarande. Sidan du ferdast mykje forbi kratt og einer, og grunnen kan vere gjørmete somme stader, er ikkje shorts og joggesko det beste utstyret for denne oppturen.

Utsikta upåklageleg

Under turen mot Torgeirsletta har du heile tida Lifjellmassivet rett i sør. Her kan du studere tinderada frå Kråkeneset og Storakersundet i vest til Gygrekjeften i aust. Over skoggrensa opnar utsikta seg mot vest heile Åfjorden utover forbi Sørbøvåg og Skiveneset og mot øyriket i Nord?Solund.

Typisk beitemark

Lia oppmot Torgeirsletta er sørvendt med god jord der mange vekstar trivst. Difor er landskapet eit typisk beiteområde. Det minkar på gardane her hos oss, men sauer og storfe kan du nok møta på. Er du litt planteinteressert vil du nok gle deg over mange fargerike, ville blomar og fin samling av varmekjære lauvtre. Ei lita og spesiell jakthytte like ved ferdavegen din, fortell deg at hjorten har tilhald i området her.

Kyrkjeveg for folket i Skorsgrenda

Stien frå Torgeirsletta og ned til Øn var siste del av vegen som folket i Skor nytta når dei skulle til kyrkje. Utgangspunktet for stien er i dag helst Solåsen. I byrjinga er terrenget lett kupert, og stien går framom fleire spennande stader. Brukar du augo, kan du oppdage store jettegryter og mindre kvernsteinsbrot.

Stien er merka og rydda av trimgruppa i Hyllestad Idrettslag, og er ein del av dei faste fjelltrimpostane til laget.