Tour de KÅKÅnomics: Kor fritt skal alkoholen flyta i Sandnes?

Sverre Nesvåg, alkoholforskar og eks-politikar Kristoffer Birkedal, varaordførar (Frp) Kine Myhre, gruppeleiar H Arne B. Espedal, gruppeleiar Ap Christian Riska, gruppeleiar KrF Debattleiar:Tom...
This activity is completed or marked as expired
14.okt
-
kl 19:00

Practical

Enjoy code: 263403
Type
Lecture
Target groups
Youth, Elderly, Adult
Source
LinTicket
External information

Sponsored links

Details

Sandnes var få gammalt av kjend som ein by med ein streng alkoholpolitikk. Byen hadde til og med eit «avholdsparti» som lenge var ein maktfaktor i politikken.

I dag er situasjonen ein heilt annan. Synet på alkohol er kraftig liberalisert, og Sandnes framstår i dag som ein by som bryt barrierar når det gjeld å opna for alkoholbruk på nye område. Tidlegare i år vekte det oppsikt då fleirtalet i den H/Frp-styrte byen ville tillata skjenking i frisørsalongar og andre servicebedrifter, og det var skarpe frontar mellom Sandnes-politikarane. Saka vart utsett, men vil koma opp igjen i september.

Uansett utfall av denne saka stiller me spørsmålet: Er alkohol og rus på veg tilbake som eit stort stridstema i Sandnes-politikken? Er me vitne til ein fornya kamp om Sandnes si alkoholpolitiske sjel? Og kan alkoholspørsmålet føra til nye alliansar i kommunepolitikken?

Deltakarar:

Sverre Nesvåg, alkoholforskar og eks-politikar, gir eit oppspel til debatt.

I panelet:

Kristoffer Birkedal, varaordførar (Frp)

Kine Myhre, gruppeleiar H

Arne B. Espedal, gruppeleiar Ap

Christian Riska, gruppeleiar KrF

Debattleiar: Tom Hetland

Maps