star
star
star
star
star

Tronoberget / Geitupphøe: fottur i Lom nasjonalparklandsby

Ein tur nær Reinheimen nasjonalpark med fantastisk utsikt ned mot Lom sentrum og over mot Lomseggen med toppane Eggjapiken (1524 moh) og Storivilen (2064 moh). Lengst bak ruver Loftet (2170 moh)....

Photos

Practical

Enjoy code: 176049
Fint å gå frå Lom sentrum (Fossbergom) langs Bøvre. Alternativt kan du køyre bilen over Tronobrua og parkere på den sida (dette er det raskaste alternativet).
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
30 minutes
Distance
4.8 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Ein tur nær Reinheimen nasjonalpark med fantastisk utsikt ned mot Lom sentrum og over mot Lomseggen med toppane Eggjapiken (1524 moh) og Storivilen (2064 moh). Lengst bak ruver Loftet (2170 moh). Frå toppen av Tronoberget ser du inn i Finndalen landskapsvernområde og Reinheimen nasjonalpark.

Frå rundkøyringa i sentrum kryssar du brua over Bøvre ved fossen. Rett ved bruenden går du til høgre ned til elva og over utleggsbrua (dette er ein del av Bergomsrunda). Følg elveforbygginga langs Bøvre til Tronoodden. Stigen går opp ved bruenden på nordsida av Ottaelva. Ruta svingar seg opp i terrenget i glissen furuskog mellom små hamrar, litt bratt av og til. Stigen dreier seinare nordvest inn på ryggen. Turen bort til Tronoberget er ein liten avstikkar (150 m) frå skilta vegdele ned mot Grjotheim. Frå Tronoberget er det skilta til Geittupphøe, 60 minutter tur-retur. Du kan gå attende same veg, eller ein rundtur via Grjotheim.