Similar alternatives
Practical
Sponsored links
Norli - alt i bøker og rekvisita
Details
Ein stad under jorda ligg eit voksbarn gravlagt. Voksbarnet, på storleik med underarmen på eit menneske, er forma av bivoks, og utstyrt med negler og hår fra ein person som er meint å lide. I 400 år har det liggje nedgravd, fått med seg menneske som har kome og gått, alle endringane i omgivnadene. Men aller først tilhøyrde voksbarnet adelskvinna Christenze Kruckow, og følgde henne i 40 veker, fram til ho og hennar venninner vart brent på bålet mistenkt for bruk av trolldom.Med utgangspunkt i trolldomsprosessane på Sydfyn og Aalborg rundt 1596-1621, girOlga Ravn med bokaVoksbarnet, til norsk ved Inger Bråtveits, eit historisk blikk på vald mot kvinner, tru og trolldom. Historia blir skildra med både humor og varme gjennom voksbarnets auge, som gjennom si udødelegheit verkar som ein portal mellom hendingar i samtid og datid. Kva er det med voksbarnet, eit ikkje-levande objekt, som gjer at det blir den perfekte forteljar?Olga Ravn er ei av Danmarks fremste forfattarar. Ho har utgitt ei rekke kritikarroste titlar, slik somDei tilsette som ho òg blei nominert til Den internasjonale Booker-prisen for, ogArbeidet mitt som ho fekk Politikens litteraturpris for.No vender ho attende til Litteraturhuset for å snakke med forfattar og kjønnsforskar Wencke Mühleisen.
Foto: Sara Galbiati