star
star
star
star
star

Tunheim - Jonstøl - Vassdalane- Horgo - Jonstøl- Tunheim (Stølstrimmen)

Turen startar frå Tunheim. Fylj traktorvegen oppover, til du kjem til Nut, her fortsett ein oppover til høgre gjennom litt skog. Ei elv renn over vegen, ulik vassfjøring avgjer om ein lyt...
Photo: Annlaug Brandstveit

Photos

Practical

Enjoy code: 360431
Det er råd å parkera på Tunheim, men all parkering er på eige ansvar då det går både sau og kyr her det meste av våren/sumaren/hausten. Ein kan og parkera i sentrum og fylja siderløypa og skiltinga mot Tunheim. Eit ana alternativ er å parkera ved idrettsanlegget i Holmen, og så gå der i frå.
Type
Outdoor
Target groups
Kids, Youth, Elderly, Adult
Duration
30 minutes
Distance
10.1 km
Difficulty level
Demanding
Season
Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar frå Tunheim. Fylj traktorvegen oppover, til du kjem til Nut, her fortsett ein oppover til høgre gjennom litt skog. Ei elv renn over vegen, ulik vassfjøring avgjer om ein lyt vada.

Etter kryssinga vel ein om ein fortsett opp traktorvegen til Seeberg eller om ein tar den gamle buførevegen opp til høgre. Denne fyljer elvedalen oppover, ein får utsyn over Ulvik. På vegen går ein forbi ein flott varde.

Ved Seeberg fortset buførevegen oppover dalføret, bratt parti som er gjørmete etter nedbør. På toppen kjem ein til Brurastol, etter segnet sat huldrebrura frå Vassfjøra seg her.

No flatar terrenget ut, ein går langs med Badnamyr, og kjem så fram til Jonstøl. Dette er eit stort stølsbol og eit av dei best vedlikeholdte. Vegen går så vidare gjennom stølsbolet, kryssar elva på steinbru. Vegen fortsete opp til høgre i stidelet. Stien er tydleg, og ein finn skilt undervegs som viser veg. I neste stidele tar ein til venstre opp den siste kneika, og fyljer elva fram til Vassdalane.

Fylj så den same vegen ned igjen, til fyste stidele og ta no stien til venstre mot Horgo. Fyste del går over eit myrområde, før ein startar stigninga opp til Horgo.

Frå Horgo går ein antan samevegen tilbake mot Jonstøl, eller ein kan gå mot Solsæ.