Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Tur på skogsveg/god sti bratt opp gjennom utmark og granskog til det flatar ut og vert myrlendt mot Askjelandsvatnet.
Askelandsvatnet er hovudvasskjelde på Osterøy, men ligg vakkert og lunt mellom Rødlandsfjellet, Stemmeseggi, Erstadfjellet og Såto. Startar gjennom tunet på Hannisdalgarden og følge skogsveg langs bekk oppover. Etter 100 m tek ein til høgre over bekken og følge skogsvegen i ein sving oppover til der den forsvinn øvst inn i granskogen. En føl skogsvegen, utan å ta av, oppover gjennom ein krapp høgresving. Vel 100 meter etter svingen står det ein liten stige på venstre side av vegen som leier opp på stig i granskogen. Stigen er god, men ein kan stundom verta forvirra av hjortetråkk på slutten. Men ein skal følga skaret opp til toppen.
Når ein kjem ut av skogen kan ein etter ca 80 m ta inn på sti i ein opning i skogen til høgre. Dennegår over mot Såta og nordsida av Askelandsvatnet.
Går ein rett fram kjem ein fort ned til vatnet og kan følga det inn til sørenden. Her er ein fin plass for niste og kvile.
Frå sørenden kan ein følga dal innover og koma inn på sti frå Mjelde/Rødland til Stemmeseggi. Det er ikkje sti her, men det er berre eit dalføre å følgja. Ein kan også klatra gjennom krattskogen på Sørenden av vatnet og møta stien frå Erstadfjellet til Stemmeseggi på Askelandsleitet.