star
star
star
star
star

Tur til Bårefjell i Vikebygd, via Hagaskar, retur via Bjordal.

Turen startar ved velteplass for tømmer. Følg skogsveg frå velteplassen oppover. Der skogsvegen sluttar etter omlag 200 meter, ta til venstre inn på merkt sti og følg denne. Stien går i starten...

Practical

Enjoy code: 569071
Turen startar frå ein velteplass for tømmer. Velteplassen ligg på venstre side av Bjordalsevegen, 500 m frå krysset nede ved fylkesvegen. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 6 km, ta så til høgre ved kryss som er skilta med Bjordal, kjør ca. 500 m og ta til venstre ved velteplass. Her kan ein parkere, men ta hensyn til at det kan foregå aktivitet på velteplassen.
Type
Outdoor
Target groups
Youth, Kids, Adult, Elderly
Duration
10 minutes
Distance
4 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn, Winter
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Turen startar ved velteplass for tømmer. Følg skogsveg frå velteplassen oppover. Der skogsvegen sluttar etter omlag 200 meter, ta til venstre inn på merkt sti og følg denne. Stien går i starten gjennom ein fin gammal bjørkeskog, og ein vinn høgde med å stiga opp ein del mindre kneiker. Etter omlag 1,1 km frå oppstart-punkt står ein klar til å gå inn i Hagaskar, her stig det bratt og på dei neste 300 metrane vinn ein omlag 100 høgdemeter. På toppen av Hagaskar er det eit skilt som syner vegen videre til Bårefjell. Frå skiltet et det omlag 600 meter til toppen. Turen vidare går over litt myrar og kneiker før ein er på toppen av Bårefjell. Nedturen går vi Bjordal, ein går då mot aust frå toppen, det er mala merkjer på steinar i fjellet, stien svingar etterkvart frå sørsida til nordsida og tilbake til søraust-sida av fjellet, før ein er nede på traktorveg. Følg traktorvegen nedover til Bjordal til ein er nede på vegen, like vest om Bjordalstunet. Ta til høgre og følg asfaltvegen i ein knapp kilometer ned til tømmervelteplassen.