Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Med utgangspunkt frå Foldnes kyrkje, er der et godt tillagt turområde for alle formål. Her er fleire kilometre med gruslagt veg, med lys for mørke kveldar og mørke årstider. Turen vår starter frå parkeringsplassen ved kyrkja og følgjer turvegen mot Hjelteryggen. Etter om lag ein kilometer på turvegen, i ein krapp høgresving, tek vi av på en sti på venstre side (merka raudt). Vi følgjer ein litt uryddig sti langs Byksevatnet. Litt forbi enden av vatnet, er det merka til høgre med eit skilt, «Ørnnipa». Vi gjekk ut til Foldnesvegen for å sjekke stien og om der også kan vere eit startsted for tur på Ørnnipa. Problemet med å starte derifrå, er manglande parkeringsplass. Vi tek altså til høgre og følgjer stien opp på nipa, 110 m høg. Her er mellom anna lagt ut eit tau på et punkt som kan vere vanskeleg å forsere utan hjelp. Frå Ørnnipa følgjer vi stien vidare i sør vestleg retning og kjem ned på turvegen ved eit lite vatn. I sørenden av det vesle vatnet, finner vi att stien og følgjer denne ned til demninga på Storevatnet. Her må vi enten hentast, eller gå attende til turvegen og følgje den til Foldnes kyrkje. Turen ned til Storevatnet, kan du sjølvsagt la vere. Turen er omlag 5 kilometer og tar to timer i turtempo om du ikkje går til Storevatnet. Går du til Storevatnet, er det ein ekstra kilometer kvar veg, om du ikkje blir henta på Storevatnet. Om Foldnes kyrkje kan vi lese «Foldnes kyrkje er den sist oppførte av kyrkjene i Fjell. Grunnsteinen til kyrkja vart lagt ned av dåverande biskop Ole D.Hagesæther, 28.mai 2000, og vigslinga av kyrkja fann stad 22.april 2001.Kyrkja ligg nydeleg til på ei lita høgd ved Skiftedalsvatnet på Foldnes, og med den fekk også folket på Litle-Sotra "si" kyrkje, som dei hadde jobba for å få realisert i over 20 år.»