star
star
star
star
star

Tur til Sætrafjellet, 524 m.o.h., i Vikebygd, med innlagt svipptur til Slåtteskarnuten

Denne turen start ved kyrkja, og tar deg sørover til Slotteskarnuten og Sætrefjell, returen går tilbake same vegen, men uten å gå oppom Slotteskarnuten. Gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til...

Practical

Enjoy code: 786758
Turen startar frå parkeringsplassen ved kyrkja i Vikebygd. Ta av frå E134 ved Isvik og følg vegen mot Vikebygd i ca 12 km til ein kjem til kyrkja.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
10 minutes
Distance
7.4 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Denne turen start ved kyrkja, og tar deg sørover til Slotteskarnuten og Sætrefjell, returen går tilbake same vegen, men uten å gå oppom Slotteskarnuten.

Gå opp mot krysset ved fylkesvegen ta til venstre der, og så til høgre opp grusveg etter ca. 30m. Her heng det og skilt som syner kor det er turløyper.

Føl grusvegen rake vegen oppover til like nedanfor reinseanlegget til vassverket, der tar ein til høgre gjennom ei grind og inn på ein skogsveg, det heng skilt som peikar ut kursen ved grinda. ​Skogsvegen går ned ei lita dump før den svingar til venstre, føl skogsvegen oppover, der den deler seg held ein til venstre.

Etter ca. 4-500 m på skogsvegen kjem ein fram til ein velteplass, her går ein igjennom det ned trakka nettinggjerdet og inn i skogen, like etter så tek ein til høgre og føl merkjepinnar mot vest til ein kryssar ein bekk. ​ Så føl ein bekken oppover Røssedalen mot sør i 200 m til den snur mot vest igjen opp ei skrent, før ein føl ryggen til dalen vidare oppover i retning av Orrestellet, Like før Orrestellet svingar stien opp ei bratt skrent og ein føl ryggen til Røssedalen vidare oppover til ryggen endar ved ei myr. Ein stig ganske jamt i terrenget heile vegen og ved myra er ein på omlag 370 meter. Undervegs så har ei passert fleire plassar som gjev flott utsikt over Vikebygd og lengre nordover.

​Ein kryssar myra og legg så i veg opp Slåttskar, i øvre del av skaret skjer stien mot vest mot Budalen. Her kjem ein til eit kryss der stien deler seg, og ein kan gå omlag 200 så er ein på toppen av Slåtteskarnuten. Her finn ein nok den beste utsikten av Vikebygd sett frå sørsida av bygda. Det er ikkje merkja sti frå toppen av Slåttskarnuten mot Sætrafjellet, så ein lyt ned att til krysset for å finna merkja sti vidare mot Sætrafjellet.

​Stien går vidare eit stykke langs Slåtteskarnuten, før den dreier mot vest og sørover igjen opp eit litt bratt skar, der ein øvst går langs ein bekk. Bekken har sitt utspring frå det vesle vatnet som ligg nord for, det ein god del større, Stemmevatnet. Det er mura opp ein stem i dette vesle vatnet, den er verdt å ta ein kikk på. Dette har tidlegare vore drikkevasskjelda for Dommersnes, så her er det berre å sløkka tørsten for dei som vil.

​Ein går langs dette vatnet til ein kjem til Stemmevatnet der ein kryssar bekken og føl stien opp eit lite skar, der får ein for fyrste gong sjå målet for turen, Sætrafjellet. Frå her er det berre å fylgja stien mot toppen, ein har no tatt dei verste stigningane, og det er ganske flatt og slakt oppover. Frå toppen har ein god utsyn over heile Ålfjorden, og omkring liggjande område.

Sætrafjellet ligg rett ovanfor og aust for badeplassen Skjeljavika. Her ligg det ein turpostkasse der det er ei bok i sommarhalvåret for den som vil føra inn namnet sitt. Sætrafjeller er topp nr. 4 i den kjende Hardhausen, "6 toppar på ein dag" turen i Vikebygd.

​Frå toppen er det og merkja sti vidare mot Bjordal, via Grautavatnet og Bårefjell, eller ein kan gå til Ulserhaug om ein ikkje ynskjer same vegen tilbake.