star
star
star
star
star

Turar rundt Moa: Enkel "topptur" til Moakamben med utsikt over Øvre Årdal!

Området rundt Moa og Ytre Moa er eit mykje nytta nær-turområde i Øvre Årdal, tilgjengeleg til fots frå sentrum av Øvre Årdal eller frå Utladalen. Årdal Turlag har fleire turpostar i området og...
Photo: Kristin Hestetun

Photos

Practical

Enjoy code: 886418
Kjem du med bil er det best å starte turen ved Moa der det er god parkering. Turane til Ytre Moa, Moakamben og Kvile kan alle startast her. Kjem du til fots eller med sykkel kan du også gå via Ytre Moa eller frå Lykkja i Utladalen. Du kan og parkere ved Årdalshallen i sentrum av Øvre Årdal. Sjå turen Rallaren - Ytre Moa for skildring av ruta frå sentrum av Øvre Årdal til parkeringsplassen på Moa.
Type
Outdoor
Target groups
Kids
Duration
30 minutes
Distance
2.5 km
Difficulty level
Easy
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Området rundt Moa og Ytre Moa er eit mykje nytta nær-turområde i Øvre Årdal, tilgjengeleg til fots frå sentrum av Øvre Årdal eller frå Utladalen. Årdal Turlag har fleire turpostar i området og desse er tilgjengeleg i DNT-appen sjekkUT.

MOAKAMBEN

Alternativ 1: Følg skilting til Moakamben frå parkeringsplassen på Moa. Etter ca 200m tek stien av opp til venstre. Turen opp til utsiktspunktet på toppen går på god sti og tek normalt 0,5-1t.

Alterantiv 2: Følg sti frå Lykkja i Utladalen. Hald til høgre ved stidelen på Moa-åsen. Det er fleire alternative ruter/stiar til toppen, som alle endar opp ved utsiktspunktet og turposten til Årdal Turlag på toppen. Pass på at du ikkje tek av på sti til høgre ned mot Utladalen att! Turen til Moakamben tek normalt 0,5-1t.

Dagsturhytta i Årdal er plassert like ved utsiktspunktet og turposten til Årdal Turlag på toppen.

Gps-spor og høgdeprofil viser turen med start frå Lykkja og slutt ved parkeringsplass på Moa.