star
star
star
star
star

Ullebø - Ullebødalen - Storedalen - Karidalen - Nyksvatn - Årbergsstølen - Årbergsdalen

Dette er ein fin tur som går gjennom nokre fantastiske dalføre fram til idylliske Årbergsstølen ved Nykssvatnet. Turen går i forsåvidt lettgått terreng. Turen startar på ca. 320 moh på Ullebø og...
Photo: Anita Taftø

Photos

Practical

Enjoy code: 626195
Type
Outdoor
Target groups
Adult, Kids, Youth, Elderly
Duration
6 hours
Distance
12.8 km
Difficulty level
Demanding
Season
Spring, Summer, Autumn
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Dette er ein fin tur som går gjennom nokre fantastiske dalføre fram til idylliske Årbergsstølen ved Nykssvatnet. Turen går i forsåvidt lettgått terreng. Turen startar på ca. 320 moh på Ullebø og har høgste punktet, ca. 700 moh, etter ein har passert Årbergsstølen, før nedstigna mot Årbergsdalen starter.

Stien er merka frå Ullebø til kommunegrensa som går ved munningen av Karidalsvatnet.

Turen startar på skogveg og går raskt over på sti innover Ullebødalen. Etter at ein kryssar Jytteelva, blir det noko stigning opp Tverrlia. Her møtast stien frå Ullebø og merka tursti som går opp Småliane frå Vika frå austsida av Røyrvikvatnet. Stien held fram med noko stigning, før den går ned igjen i Ullebødalen og til Ullebøstølen. Berekn ca. 1 time til Ullebøstølen.

Stien følgjer Jytteelva nordover mot Storedalsvatnet. Her er det fleire fine stader for å ta ein liten pause. Er det sol og varmt, kan ein pause ved Storedalskyrkja anbefalst. Storedalskyrkja er ein stor stein i terrenget. Litt nord for Storedalskyrkja, kjem ein til nokre gamle murar. Historen seier murane kan vere frå 1899 på noko som skulle bli eit sel eller geitestøl.

Frå Storedalsvatnet er det noko stigning til Karidalsvatnet som ligg i Sunnfjord kommune. Berekn ca. 2 timar gangtid frå Ullebø til Karidalsvatnet. Frå Karidalsvatnet går stien vidare gjennom Karidalen til Nykksvatnet kjem til syne. Herifrå følgjer stien langs vatnet fram til Årbergsstølen.

På Årbergsstølen vil ein absolutt anbefale ein pause for å nyte denne idylliske plassen. Her er flotte sandstrender som kan lokke til bading og ein svømmetur før turen går vidare mot Årbergsdalen.

Turtid: ca 5-6 timar.