Urframføring: Bjørn Kåre Odde med strykarar

Velkomen til konsert med ny kammerfolkemusikk i Ullinsvin i Vågå torsdag 11. april kl. 19:30! Hausten 2024 kjem Bjørn Kåre Odde med ein oppfølgar til platesuksessen "Folk Chamber" - ny folkemusikk...
This activity is completed or marked as expired
11.apr
-
kl 19:00

Details

Velkomen til konsert med ny kammerfolkemusikk i Ullinsvin i Vågå torsdag 11. april kl. 19:30! Hausten 2024 kjem Bjørn Kåre Odde med ein oppfølgar til platesuksessen "Folk Chamber" - ny folkemusikk for seks strykarar. Dette er musikk i kammermusikkformat som sprenger grenser mellom folkemusikk og kunstmusikk. Denne kvelden får du oppleve urframføringa av den nye musikken, før musikarane skal i studio for plateinnspeling - ei unik moglegheit. Sjølve plata kjem hausten 2024. Musikarar: - Bjørn Kåre Odde, fele - Vegar Vårdal, fele - Marius Westling, bratsj, fele - Elin Marie Christensen, bratsj - Carmen Bóveda, cello - Jo F. Skaansar, kontrabass Billettar kjøpast via Tikkio eller i døra (kort). Vaksen: 250,- Born/ungdom: 100,- Billettgebyr kjem i tillegg. Dørene opner kl. 19. Konsertstart kl. 19:30. Arrangør: Melovitten AS (www.melovitten.no). Samarbeid: Ullinsvin galleri. Foto: Kulturfotografen AS.

Practical

Enjoy code: 542202
Type
Concert
Target groups
Adult
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.