star
star
star
star
star

Vårskitur til Folgefonna frå Blådalen

Denne turen er for mange ein lite kjent oppgang på Folgefonna frå Blådalen Det er oftast skiføre frå enden av anleggsvegen ved kraftstasjonen Blåfalli 4. Gå nordover Blådalsbotnen, opp mellom vatn...

Practical

Enjoy code: 452019
Kjem du frå Haugalandet, må du enten ta vegen om Odda og gjennom Folgefonntunnelen, eller ferja frå Skånevik til Utåker eller Matre for å nå inn til startpunktet for skituren. Kjør vidare innover anleggsvegen til Blådalen frå vegkryss på strekkja Dimmelsvik-Matre. Anleggsvegen innan for Ågotelv vert vanlegvis brøytt i slutten av april. Følg skilting til Blådalsvatnet og passer to tunnelar etter Blådalsdammen.
Type
Outdoor
Target groups
Adult
Duration
60 hours
Distance
4.3 km
Difficulty level
Medium
Season
Spring, Summer
Source
Nasjonal Turbase/UT.no
External information

Sponsored links

Reviews

Details

Denne turen er for mange ein lite kjent oppgang på Folgefonna frå Blådalen

Det er oftast skiføre frå enden av anleggsvegen ved kraftstasjonen Blåfalli 4. Gå nordover Blådalsbotnen, opp mellom vatn 966 og pkt. 1086. Så ned mot lite vatn ved 1000-meterkoten og opp gjennom trongt skar. Hald same nordnordaustlege hovudretning. Deretter slakt ned til brekanten. Inn på breen omlag ved 1040 m-koten. Alternativt (bør unngåast ved dårleg sikt) kan ein ved vatn 966 gå bratt oppretning pkt. 1229 og følgja eit nivå i nordnordaustleg retning mellom 1200 og 1100 m-kotene til ein går inn på breen omlag ved 1200 m-koten like nordaust for pkt 1389 (Kvitfjell). I dette området er breen på det breiaste og slakaste, og ingen bestemte mål peikar seg ut innanfor ei tidsramme på eit par timar. Viss ein er tidleg ute og form og føre tillet det, er det sjølvsagt råd å setje kursen mot Fonnabu eller Sauabrehytta, men ein dagstur tillet oftast berre ein sving eit stykke innover den tilsynelatande uendelege isflata før ein returnerer. Ein skitur på breen kan vera ei fantastisk oppleving når ein har kunnskap og utstyr til å gjennomføra turen på forsvarleg vis.

Om ein ikkje har erfaring frå turar på bre frå tidlegare, kan det vera lurt å begynna med å delta på ein av dei mange fellesturane som går på Fonna om våren. Både Kvinnherad Turlag, Bergen Turlag og Haugesund Turistforening arrangerer slike turar. I fellesferien dei siste åra har også Folgefonni Breførarlag hatt dagleg føring over breen, mellom Fonnabu og Holmaskjerbu.

Kjøretid frå Haugesund: 2–3 timar alt etter kva veg ein kjem

Parkering: Ja

Tid: 3–4 timar til brekanten