Vårslepp for Nordøyane Heimebryggarlaug

Vi inviterer til vårslepp med ølsmakarkveld for Nordøyane heimebryggarlaug på Grendahuset Solwang! Her blir det topp stemning og godt å få smake på. Heimebryggarlauget legg opp til ei uformell...
22.Mar
-
6:00pm

Practical

Enjoy code: 180596
Type
Food and drink
Target groups
Adult
Source
Tikkio
External information

Sponsored links

Available tickets

Saturday
22/03 2025 6:00pm
Solwang Grendahus, Myklebost, Harøy 20 Øvsteremma
Provided by Tikkio

Details

Vi inviterer til vårslepp med ølsmakarkveld for Nordøyane heimebryggarlaug på Grendahuset Solwang! Her blir det topp stemning og godt å få smake på. Heimebryggarlauget legg opp til ei uformell konkurranse der du kan få stemme på di favorittøl. I samarbeid med Norbrygg vil vi freiste å hanke inn øldommarar som kan vere med å bedømme kveldens mest typeriktige øl. BILLETTAR: Inngangsbillett: kr 200,- Inngangsbillett inkl. 1 års medlemskap i Nordøyane Heimebryggarlaug: kr 300,- Heimebryggarar som stiller med minst 19 liter øl har fri inngang for seg sjølv med følge (ein person). ALDERSGRENSE Det er 18 års aldersgrense på arrangementet. Legitimasjon vil bli kontrollert. ØLSALG: Det blir ikkje solgt øl under arrangementet. Heimebryggarane står sjølve for serveringa. Øl skjenkast i 20 cl per glas. Unntatt øl som deltar i arrangementet, er medbrakt alkohol ikkje tillete. Kommersielt framstilt alkohol er ikke tillatt i lokalet. MATSAL: Det vert moglegheiter for å kjøpe seg noko lett ølmat. OVERNATTING: Finnøy Bryggehotell tilbyr overnatting inkludert frukost. Dette booker du sjølv på post@havstuene.no eller ringer 71 27 58 50. Pristilbod kjem!