Photos
Practical
Sponsored links
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Reviews
Details
Start ved parkeringa ved tunnellportalen, og følg stien forbi stølane og oppover mot Viermyrdalen. Der er god sti. Ved skillet til Blånipo er det skilta vidare mot Skjerjavatnet og Krossgavlen. Stien er per september merka opp til ein stor varde etter stigninga. Fram til sjølve Krossgavlen er det lett å gå, sjå på kartet, men siste del vert ikke merka før i 2020.
Frå Viermyrdalen og opp ser terrenget uframkommeleg ut. Men det er ein veg opp, og du må gjennom eit område med litt ur før terrenget vert mildare opp mot toppen. Dei gamle, små turvardane var merka med blått hausten 2019.
Det er 4,5 km frå tunnellportalen til Krossgavlen, og du må rekne fem timar om du ikkje er på treningstur. Viermyrdalen er frodig og grøn med nydeleg elvefar før den endar i dette bratte partiet som tek deg opp til platået mellom Nygard og Eksingedalen. Truleg var dette ein ferdaveg mellom dalene i tidlegare tider.