Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Her er det tilrettelagt for parkering ved Vadelva. Ein følgjer skogsbilvegen, som er stengt for bilkøyring, og etter om lag 1 km er ein igjen ved elva, men litt lenger oppe. Her er det fint både å bada og prøva fiskelykka etter elveauren. Berre 150 m lenger framme ser ein Hauglandskvedno, med gapahuk. bålpanne, bord og benker. Løypa går vidare i nordaustleg retning, først ca. 400 m på ny sti, før ein er inne på ny skogsbilveg med hogstfelt langsetter vegen. Etter om lag 1 km er ein framme ved Fjellvegen rett nedanfor Eikjekleiv, kryss vegen og ta av på traktorveg. Etter om lag 1 km kjem ein inn på nylaga sti delvis laga av trestammer/klopper, og ein har Grovalio på venstre hand. Straks er ein igjen inne på turrare sti og framme ved ny skogsveg. Ein endrar retning mot aust og følgjer skogsbilvegen om lag 1 km ned til Grovaelva. Her er gangbru. Berre 250 m lenger framme kjem ein til E39.
Vidare tilbake mot Vad tek ein av i første krysset til høgre etter elva, og igjen er det på nyare skogsbilveg. Lenger framme kjem ein tilbake på Fjellvegen, om lag 400 m austom førre kryss ved same veg. Løypa går no på
asfaltert veg om lag 150 m i søraustleg retning, og bryt så av på traktorveg mot sørvest. Traktorvegen er litt nedsliten med noko overflatevatn enkelte stadar. Vegen fører forbi inngjerda beiteområde og går over i sti. Ein er då snart ved Buskasmogbekkjen, stien kjem in på traktorspor før ein straks er framme ved vegen der ein starta turen og p-plassen i sørleg retning.