Antigone

Eit evig drama om moral og mot «Antigone» av Sofokles er eitt av dei mest gripande forteljingane i teaterhistoria, ei gresk tragedie som har rørt oss i meir enn 2000 år. Den unge Antigone trosser...
15.mai
2025
kl 19:30

Detaljer

Eit evig drama om moral og mot

«Antigone» av Sofokles er eitt av dei mest gripande forteljingane i teaterhistoria, ei gresk tragedie som har rørt oss i meir enn 2000 år. Den unge Antigone trosser forbodet til kong Kreons og gjer det ho sjølv meiner er rett: Bror hennar, Polyneikes, fortener ei verdig grav, om ho så må gi han det sjølv.

At kongen meiner han er ein landsforrædar, tek ikkje frå han menneskeverdet eller svekkar kjærleiken ho har til han. At kongen også er hennar og Polyneikes’ onkel, og far til hennar trulova, gjer det sjølvsagt meir komplisert, men Antigone går sine eigne vegar. Med eit djupt personleg mot set ho si tru og samvitsrøyst framfor statens lover. Oddsa for at ho skal lukkast er mildt sagt ikkje gode.

«Antigone» er ei gripande reise gjennom menneske sin kamp for rettferd og individets rett til å følgje si eiga overtyding. Ei historie om tap, kjærleik og urokkeleg vilje, om familieband, lojalitet, plikt og tankefridom, og om kva det vil seie å vere menneske.

Når Alan Lucien Øyen skaper si eiga tolking av denne tidlause klassikaren, skjer det i dei røffe omgjevnadene på Bergen Kjøtt. Tilskodarane kjem tett på Antigone – spelt av Reidun Melvær Berge – og hennar med- og motspelarar.

Praktisk info

Enjoy-kode: 263878
Type
Scene
Passer for
Eldre, Ungdom, Voksne
Kilde
Eventim

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Torsdag
15/05 2025 kl 19:30
Bergen Kjøtt Skuteviksbodene 22
I samarbeid med Eventim