Praktisk info
Sponsede linker
Norli - alt i bøker og rekvisita
Tilgjengelige billetter
Detaljer
Klyngetun er hus og bygningar som høyrer til ulike gardsbruk og som er plassert tett saman. Mellom husa i denne vestlandske byggetradisjonen, var det små gater og tun som kan minne om landsbyar i Mellom-Europa. I boka Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet i Hjørundfjorden som han vaks opp i, blei utsletta i eit stort snøskred. Tre menneske omkom. Blant dei var Arill sin fire år gamle bror, Ivar.
Dette er historia om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lenger, det som blir kalla «den norske landsbyen». Føredraget er ei skildring i lyd, tekst og bilete der du får møte sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Det er også ei gripande, nær og varm skildring av eit bygde-Noreg i etterkrigstida som mange kan kjenne seg igjen i.
Det blir boksalg og signering etter arrangementet.
150/70,– (stud./honnør).