Babysang og Småbarnstrall på Finnøy bibliotek

Babysong er eit tilbod for dei aller minste. Me syng rolege songar og regler saman. Barnet ditt kan ligge på teppe på golvet, eller du kan ha det i fanget. Babysong startar kl 12.00, og varer ca 30...
05.des
-
kl 12:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 199580
Type
Lek & Lær
Passer for
Ungdom, Eldre, Voksne, Barn
Kilde
LinTicket

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Torsdag
05/12 2024 kl 12:00
Sølvberget bibliotek og kulturhus Haga panorama Hagatunet 6
I samarbeid med LinTicket

Detaljer

Babysong er eit tilbod for dei aller minste. Me syng rolege songar og regler saman. Barnet ditt kan ligge på teppe på golvet, eller du kan ha det i fanget. Babysong startar kl 12.00, og varer ca 30 min.

Småbarnstrall er eit tilbod for borna som er meir aktive (frå ca 8-9 mnd). Her syng me fleire songar der me er i rørsle og aktivitet. Foreldra går eller dansar med barnet på armen, og borna kan røre seg på teppet. Småbarnstrall startar kl 13.00, og varer ca 30 min.

Er du usikker på kva gruppe barnet ditt passar best i? Kom og prøv! Me har ingen aldersgrense, men overgangen mellom babysang og småbarnstrall er glidande.

I pausen mellom babysang og småbarnstrall, er foreldra velkomne til ein kaffikopp og drøs.

Tilbodet er ein del av Kyrkja i Finnøy sine trusopplæringstilbod, og er gratis. Me startar opp 5. september og held på annankvar torsdag fram til og med 12. desember. Har du spørsmål kan du ta kontakt med trusopplærar Reidun Aabrekk Bråtveit