Bach i høgda

Evigunge Johann Sebastian Bach får ein stor del av konserten, men også hans vener og samtidige får plass. Her ventar virtuositet, inderlege melodiar og gneistrande samspel i dei unike lokala 1500...
28.sept
-
kl 11:00

Detaljer

Evigunge Johann Sebastian Bach får ein stor del av konserten, men også hans vener og samtidige får plass. Her ventar virtuositet, inderlege melodiar og gneistrande samspel i dei unike lokala 1500 m.o.h. Det er verkeleg to topp-musikarar publikum får møte her på Fjelltoppen. Jadran Duncumb har m.a. vunne 1. pris i “Maurizio Pratola”-konkurransen, og den høgthengande “Diapason d’Or” for innspelinga si av Bach-musikk for lutt. Huw Daniels er prisvinnande fiolinist som leier og spelar med anerkjende orkester som “Orchestra of the Age of Enlightment” og “King’s Consort”, begge rekna mellom dei fremste barokkensembla internasjonalt.

Ein konsert med desse to i samspel vert garantert ei unik oppleving på fjelltoppen 1500 m.o.h.. Geiranger Skywalk Dalsnibba byr på ein unik utsikt over fjell og fjord og lagar ei fantastisk ramme rundt konsertopplevinga.

Vi tilbyr som vanleg felles busstur opp, og byr på lokalkjent guide for å gjere opplevinga komplett. Det vert tid til å nyte utsikten, og å kjøpe svele eller noko anna å bite i i kafeen. Bompengar er inkludert i billetten.

Tid: Laurdag 28.september kl 12.00. Avreise frå Norsk Fjordsenter kl 11.00 Stad: Geiranger Skywalk Dalsnibba. OBS: oppmøte ved Norsk Fjordsenter.

Praktisk info

Enjoy-kode: 547007
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Ungdom, Barn, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo