star
star
star
star
star

Bakke via Kloven

Turen frå Furuhogane til Bakke går i fyrste halvdel i variert fjellterreng, mens siste halvdel ned mot Bakke er på skogbilveg. Dette er ein innhaldsrik tur forbi mange fiskevatn, små fjelltoppar,...

Praktisk info

Enjoy-kode: 501068
Reise med bil: Frå Oslo/Trondheim: Riksveg 15 frå Nordfjordeid mot Måløy. På Haugen (7 km vest for Nordfjordeid), følgjer ein skilt mot Hjelmelandsdalen. Frå Bergen/Ålesund føl ein E 39 til Nordfjordeid, deretter RV 15 mot Måløy til Haugen, ta av mot Hjelmelandsdalen.
Parkering: Parkeringsplass på Furuhodane.
Reise med kollektiv: Buss til Nordfjordeid: Nordfjordekspressen til Nordfjordeid frå Oslo 3 gonger om dagen. Fly: Til Sandane flyplass (15 km frå Nordfjordeid) frå Oslo og Bergen.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
10.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen frå Furuhogane til Bakke går i fyrste halvdel i variert fjellterreng, mens siste halvdel ned mot Bakke er på skogbilveg. Dette er ein innhaldsrik tur forbi mange fiskevatn, små fjelltoppar, langs elvar, fossefall og demningar og den storslåtte naturen ned gjennom Kloven.

Furuhogane-Kjenndalsvatnet sør-Kjenndalshytta-Kjenndalsvatnet nord-Kringlevatnet-Blåfjellvatnet-Klovevatnet-Nesbakkelva-Bakke

Turen starter i overkant av skoggrensa på Furuhogane (toppen av hyttefeltet) og det er parkering langs vegen fram til servicebygget for Kjenndalsheisen. Stien opp i Kjenndalen går langs Kjenndalselva opp til Kjenndalsvatnet (805 moh) (1,5 km) og i elva er det mange flotte fiskekulpar. Ved Kjenndalsvatnet fylgjer ein merkinga forbi steinhytta (Kjenndalshytta) til nordenden av vatnet (1 km) kor ein tek til høgre opp slukta til Kringlevatnet (300 m). Herifrå går merkinga 700 meter rundt sørenden av vatnet og opp eit søkk mot ein liten topp (936 moh) med flott utsikt og kor ein ser ned Blåfjellvatnet på venstre side og over mot Tjuvavatnet på høgre side. Stien er nokre få stadar litt bratt på veg ned mot den slake opne lida på nordsida av Blåfjellvatnet (1 km). Her er det fint å slå opp telt og fiske. Løypa går vidare ned langs ei lita elv mot nokre småvatn og etter kvart Klovevatnet (700 m). Stien fylgjer vasskanten langs nordsida av vatnet 600 meter til demninga kor ein kan risikere å måtte hoppe over elva dersom det er mykje vatn. Frå demninga og ned til Bakke (5 km) fylgjer løypa skogsbilveg som vert stadig betre etter kvart som ein nærmar seg bygda.

Turen passer for alle som er i rimeleg god form og med skikkelige fjellsko.

Overnatting Sjå nordfjord.no.