star
star
star
star
star

Barthstigen - merka kulturstig med tema villrein i Grimsdalen, Dovre

Om kulturstigen: Stigen og informasjonspunkta langs stigen tek utgangspunkt i arbeidet Edvard K. Barth (1913-1996) og Sonja L. Barth (1923-) gjorde med kartlegging av gammal verksemd og...
Foto: Steinar Tolf Jacobsen

Praktisk info

Enjoy-kode: 122202
Privat bomveg gjennom Grimsdalen mellom Folldal/Fallet/Fv 27 og Dovre tettstad/Fv 491. Utgangspunktet for turen er Fjellcampingen nedanfor Bjørnsgardsætre og Grimsdalshytta, ca. 29 km frå Dovre tettstad. og ca. 19 km frå Fallet. Grimsdalsvegen opnar ca 5. juni kvart år.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
3.1 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Om kulturstigen:

Stigen og informasjonspunkta langs stigen tek utgangspunkt i arbeidet Edvard K. Barth (1913-1996) og Sonja L. Barth (1923-) gjorde med kartlegging av gammal verksemd og tradisjonar knytt til fangst av villrein, ferdsel og busetjing innan Dovre- og Rondaneområdet. Barthbue med innvendig informasjon om arbeidet deira er open for besøk heile sommarsesongen, den tida Grimsdalsvegen er open for ferdsel.

Turbeskrivelse:

Den merka stigen er på ca. 2,5 km og startar ved fjellcampingen ved Grimsdalsvegen nedanfor Bjørnsgardsætre og Grimsdalshytta. Ved stigen er det 11 informasjonstavlar om ulike tema som er viktige for Grimsdalen og arbeidet til ekteparet Barth. Start ved Barthbue og informasjonspunktet ved den. Fyrste delen av stigen går austover, nedanfor vegen og ned mot elva Grimse, forbi informasjonspunkt med tema som flora og fauna, arkeologiske utgravingar, gravhaugar og busetjing. Omtrent halvvegs kryssar stigen Grimsdalsvegen og følgjer delvis det gamle seterråket mellom setergrendene i Grimsdalen tilbake. I dette området ligg eit fangstanlegg med mange gravde fangstgroper for villrein. Her ligg også spor etter eldre busetjing. Stigen kjem ned til Grimsdalsvegen ved Barthbue. Spennande tur for både barn og vaksne!

Overnatting i nærheten:

Grimsdalshytta ( www.grimsdalshytta.dnt.no [http://www.grimsdalshytta.dnt.no] )

Bergseng seter (www.bergsengseter.no [http://www.bergsengseter.no] )

Vill-campen nedenfor Grimsdalshytta