Bilder
Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Tur til Berstadhornet ( 578 m.o.h )
Beskrivelse
Turen startar på Manseidet, like ved riksvei 618. Stien går i opent, lett terreng, og er godt merka med raude pinnar. I periodar med mykje nedbør er der nokre våte parti, særleg i starten av turen. På vinteren må ein være obs på glatte parti her. Etter ca 15 min gange med lett stigning kjem ein til eit skille, der ein enten kan ta til venstre mot Berstadhornet, eller til høgre mot Tua som også er ein post i fjelltrimmen. Fra skillet er det ca 5 min gange til ein er framme på Tua. Ferden går vidare oppover, også her med parti med noko stigning, til ein etter ca 30 minutt er framme på posten Berstadhornet. Her har ein flott utsikt over Moldefjorden, til Selje og mot Vanylvsfjella. Når ein står ved posten og skuar over Moldefjorden, ser ein Kvamfjellet rett til venstre, det høgaste fjellet i Selje kommune med sine 774 m.o.h. Ein kan gå fra Berstadhornet over til Kvamfjellet. Her er stien ikkje så godt merka.