star
star
star
star
star

Bindalsfjell i Fyresdal kommune

Bindalsfjell ligg i fjellet vest for søre Fyresvatn i Kilegrend, vestkant. På toppen, 929 m.o.h. er det fin utsikt i alle retninger. Lengde: 3 -5 km Stigning: 430 m Terreng: Middels krevjande,...

Praktisk info

Enjoy-kode: 646811
Tak av RV. 355 i Kilegrend, mot Øyne Camping. Etter å ha passera det andre utløpet frå Fyresvatn, etter om lag 1 km. tek ein til venstre. Tak opp den fyrste vegen til høgre etter kort tid. Her er det bomkasse for betaling. På det høgaste punktet på vegen mot Bindalen, etter 4-5 km, kan ein parkere.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
6.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Bindalsfjell ligg i fjellet vest for søre Fyresvatn i Kilegrend, vestkant. På toppen, 929 m.o.h. er det fin utsikt i alle retninger. Lengde: 3 -5 km Stigning: 430 m Terreng: Middels krevjande, merka grei sti/saueveg. Gangtid:Middels lang dagstur Det er mange måtar å nå toppen på. Den enklaste er frå Kilegrend inn Bindalsvegen og fylgje den merka løypa opp. Eller ein kan gå opp vest for Bindalstøylen og oppleve mengder av krokete furu og flotte svaberg. Ein kan også gå ned til Nussli frå turen mellom Mjåvasshytta og Hengeltjørnloftet. Då tek du av fra løypa mot Kilegrend og på parkeringa ved Nussli finn du stien i hellinga mot nord. Legg merke til den kjempefurua langs stien. Ved nedre Elgheitjønn ser du dei flotte svaberga mot toppen. Ta deg tid til å finne den gamle steinbua. Desse to seiste alternativa er ikkje merka. TUREN: Turvegen startar opp den bratte lia mot nord. Fylg den blåmerka stien. Gå inn langs myr/bekk mot Tjønnheivatnet. Før vatnet går ein opp til venstre. På toppen her er det lite stigning mot varden, mykje svaberg og lett terreng å gå i. Her er ein flott varde med god utsikt alle vegar. Hugs å skrive namnet ditt i boka! Fylg same vegen ned att. ALTERNATIV RUTE OPP: Alternativ rute opp er å køyre inn til Bindalstøylen, og gå opp herifrå. Her bør ein ha fint ver for her er mykje svaberg. Denne vegen er kortare og raskare. Ein kan også gå opp frå Nussli, denne er ikkje merka. På toppen om lag 1 km i sør-vestleg retning frå varden finn ein murane etter ei steinbu. Veit lite historie om denne. Den kan vere vanskeleg å finne.