Praktisk info
Frå Dalsdalen: Ta til høgre frå fv 55 ved Luster Sjukeheim. Følg vegen inn Dalsdalen i ca. 9 km. Parkeringsplass rett før du kjem til den innerste garden Kilen.
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Følg den gamale ferdselsvegen mellom Vigdalen og vakkert kulturlandskap i Dalsdalen. Undervegs passerer du fleire fasinerande lokalhistoriske stader. Høgdeskilnad: 550 m.
Frå Vigdalen: Den kortaste ruta til Dalsdalen byrjar om lag 200 meter attende frå startpunktskiltet, på bomvegen. Du kryssar først elva og etter kvart den T-merka ruta mellom Navarsete og Vigdalstølen på høgaste punktet. Vidare går stien forbi Likholmyri og Likhelleren, stader som har fått namn etter strevsamme turar til gravplassen i Luster. Vidare kjem du til vårstølen Kilali. Herifrå går stien noko bratt nedover og over elva til den fråflytta garden Kilen.
Vegen mellom Vigdal og Dalsdalen var tidlegare den viktigaste tilkomstvegen til Jostedalen og kortaste vegen mellom Jostedalen og Lustrafjorden. Vigdalen tilhøyrde tidlegare Dale sokn, og dette var vegen folk gjekk til kyrkje. Denne vegen er kalla Bispevegen etter at biskop Johan Nordal Brun reiste her då han var i Jostedalen på bispevisitas. Årstal og førebokstavane til bispen er hogne inn i berget nedunder Storhaug.
Frå Vigdalen har du også andre flotte turalternativ som du er velkommen til å gå. Men ver venleg å ikkje parker bilen din framfor grindane ved feristene. Du stengjer då vegen for dei som har husdyr i dalen.