Bilder
Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Dette er ein av dei lettast tilgjengelege utsiktstoppane i Jølster, og er derfor ein godt besøkt topp. Det er god sti i jamt stigande terreng heile vegen opp. Råka er godt merka med raude merke og skilting heile vegen opp.
På toppen får du storslagen utsikt over Jølstravatnet, Våtedalen, Eggenipa, Stardalen og Snønipa m.m. Turen eignar seg godt som langtur for barnefamiliar og fjellfolk som synes ein del andre turar vert for bratte og for krevjande. Om du likar å springe i terrenget er dette også ein perfekt løpetur.
Dette sporet er lagt slik at du også kan ta med deg Sørnipa på turen. Sjølv om Sørnipa er ein del lågare enn Bolsetnipa byr Sørnipa på utsikt som gir deg kjensla av å kome "tettare på" det du ser.
Turen opp til Bolsetnipa tek i normal gange mellom 1-2 timar frå parkeringa i Fossheimsdalen. Avstikkaren bort til Sørnipa tek mellom 15-30 minutt ekstra.