Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Her kjem felles turskildring til både Bjørhovdesetra og Seveldssetra som er turbotrimpostar dette året. Det er same vegen, men det er litt kortare til Bjørhovdesetra (2,9 km) enn til Sevlandssentra (3,5 km).
Køyr til Harpefossen skisenter og parker på den store parkeringsplassen nedanfor hyttefeltet. Turen går langs den gamle Trondhjemske postveg. Når det er snø er her opptrakka løype til å gå på ski, og ellers er det ein fin grusveg å gå på utanfor skisesongen. Så turen er like fin om vinteren som om vår/sommar/haust. Her er nokre ferister og bruer langs vegen som ein bør vere obs på dersom ein går med små barn.
Følg skilting mot Brekka. Noko av det første ein møter på er ei ferist før det byrjar å gå slakt oppover mot Naustdalssetra (ca 600m). Følg vegen vidare framover mot Mørsynnøvebakken og vidare mot Ljøsurbrua. Langs vegen vil ein innimellom sjå små skilt med Turboreven som viser at ein er på riktig veg.
Ved Ljøsurbrua passerer ein også ei ferist før vegen fører vidare mot Bjørhovdesetra (2,9 km).
Vidare kjem det ein til dels bratt nedoverbakke. Følg vegen vidare heilt til du kjem til eit kryss der det står skilta mot Brekka. Her skal du ta til høgre i krysset, og når ein har tatt av til høgre vil ein sjå ei bålhytte. Dette er målet for turen Sevlandssetra (3,5 km).