Praktisk info
Enjoy-kode: 842339
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca. 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turane i området. Etter 2,0 km tar du av på grusveg til venstre. Etter 4,1 km kjem du til Botsvatn. Har du bil parkerer du her. Parkering på eige ansvar. Ved parkeringsplassen er det skilta Jonstein og Dåren. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Eldre, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
2.1 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no
Ekstern info
Tema
Sponsede linker
www.magasinet.no
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tusenvis av fritidsprodukter for både amatører og proffe. Alt på lager i Drammen. Rask levering over hele landet.
www.getinspired.no
Get Inspired - alt i trening og fritid
Alltid på lager. Lynrask levering. Alle kjente merkevarer.
Omtaler
Turbeskrivelse
Frå Botsvatn gå mot Dåren. Du kjem snart til ei bru og vidare i myrlendt terreng mot stølen Sjusete. Like før du kjem opp på stølsvollen er turen skilta mot høgre og fortset i myrlendt terreng og vidare opp ei bjørkeli til Dåren. På Dåren kjem du og inn på merka tur til Vassenden. (Ved Vassenden er det infotavle for turane i området.) Frå Dåren kan du gå over på umerka rute til Jonstein. På denne turen kryssar du også Buførevegen, der du kan gå ned att til Botsvatn. Dette er flotte rundturar på finversdagar.
Sesong
Mai - oktober/november. Du kan også gå turen på ski om vinteren, men då vert turen noko meir krevjande og lengre fordi dei siste 4 km ikkje er brøyta
Råd for turen
-Ta med mat, drikke og vindtette klede.
- Du bør ha fjellstøvlar.
- Mobildekning er god på det meste av turen.
- Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
- Det er bandtvang 1. april – 20. august.
- Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
- Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
- Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.