star
star
star
star
star

Breidsete - Freddal

Skildring av tur Gå over stølsflaten på Breidsete og over ei bru. Her er det skilta Freddal og Hestadalen. Du går mot Freddal i god og lett sti til Nipevatnet og langs vatnet til stølen Freddal....

Praktisk info

Enjoy-kode: 648297
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 2,6 km ta til høgre rett før brua på Byrkjeland. Etter ca. 300 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil (kontant betaling). Etter ca. 1,5 km kjem du til ei bru med ei grind. Hugs å lukke grinda etter deg viss ho var lukka. Her er det inntak for Stølsdalselva kraftverk på Byrkjeland, som vart sett i drift i 2009. Bilvegen går 2,2 km vidare til stølen Breidsete. Der er det ei infotavle, og god parkeringsplass. Parkering på eige ansvar. Breidsete er start- eller endepunkt for fleire andre turar.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Gå over stølsflaten på Breidsete og over ei bru. Her er det skilta Freddal og Hestadalen. Du går mot Freddal i god og lett sti til Nipevatnet og langs vatnet til stølen Freddal. Stølen ligg på ei lita høgd mellom Nipevatnet og Freddalsvatnet.

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
  • Mobildekning er ikkje god på heile turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
  • Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort.