Bilder
Praktisk info
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Denne turen er råd å starta i sentrum, då fyljer ein merkinga til Kvasshovden opp.
Turen her startar frå Børsheim gard (Kvemmadokkje). Turen er godt merka og går på godt synleg sti, då den fyljer trassen til Kvasshovden opp.
Fylj skogsbilvegen oppover, det fyste stykket er bratt, når ein kjem igjennom fyste svingen tar ein av til venstre, no går ein over på sti og på vegen her går ein gjennom tunet til husmannsplassen Aosen, kun tufter igjen. Det er råd å fortsetja på vegen oppover, forbi Bergamyr og Rundatjørn, og møta stien opp til Litlastøl.
Frå Aosen går ein så gjennom litt skog oppover før det flatar ut og ein går så ned i eit lite dalføre. Fylj bekken forbi brua, og kryss den litt lenger oppe. Stien kjem no ut på skogsbilvegen igjen, kryss denne og fortsett på stien opp til Litlastøl.
Stien går vidare forbi stølshuset her, og kjem ut på ein gamal traktorveg, ta til venstre oppover denne, og ta så til høgre ved skilta til Gunnarsete og Kvasshovden. Fortset så opp til venstre ved neste skilt, stien går no oppover i granskogen, ein kryssar elva på bru, og kjem så til det brattaste punktet, her må ein vera varsam etter nedbør.
Etterkvar flatar det ut og ein bevegar seg over myrterreng før ein til sist når stølsbolet på Gunnarsete.
Her i frå kan ein fortsetja til Kvasshovden, eller til stølen på Snipo.