Dans på Knivsflå

Dette arrangementet er no utseld. -------------------------- OBS: Det blir kun lagt ut 30 billettar til denne eksklusive og unike opplevinga! Søndagen under Festspela kan du oppleve...
29.sept
-
kl 14:00

Detaljer

Dette arrangementet er no utseld.


OBS: Det blir kun lagt ut 30 billettar til denne eksklusive og unike opplevinga!

Søndagen under Festspela kan du oppleve festspelprofil og felespelar Ragnhild Hemsing i dei fantastiske omgjevnadene på fjellgarden Knivsflå. Saman med ektemannen og dansaren Hallgrim Hansegard, samt songaren og skodespelaren Tone Oline Knivsflå, vil dei presentere eit program tilpassa denne heilt unike staden. Hyllegarden Knivsflå, med Dei sju søstre ved sida og panoramautsikt over Geirangerfjorden, byr på ei ramme rundt konserten som kan måle seg med det aller meste. Det å kunne presentere kunstnarar i verdsklasse her er noko vi er svært stolte av. Hallgrim Hansegard vart først kjend gjennom "Fairytale" og samarbeidet med Aleksander Rybak under MGP. Den akrobatiske dansaren har markert seg både gjennom soloframsyningar og i dansekompaniet FRIKAR.

Det er avgrensa med plassar på konserten, så vi rår publikum til å vere raske med å kjøpe billettar. Det vert organisert felles båttransport til Knivsflå.

Tid og stad: Båt frå Geiranger hurtigbåtkai kl. 12.30 (MS Geirangerfjord, Pir 1), konsert kl 14.00. Frammøte ved turistinformasjonen. Båten er tilbake i Geiranger cirka kl 16:00.

Ta med matpakke, seteunderlag, gode tursko og kle deg etter vêret.

OBS: Det er bratt å gå opp til Knivsflå. Om du er usikker på om du klarer turen, ta kontakt med arrangør for detaljar på post@festspel.no eller tlf 93049185.

Praktisk info

Enjoy-kode: 974035
Type
Festivaler
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre, Barn
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

I samarbeid med TicketCo