Praktisk info
Parkering på parkeringsplass ved Kleivvann og langs vegen.
Sponsede linker
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Get Inspired - alt i trening og fritid
Omtaler
Turbeskrivelse
Drivheia ligg i øvre Gjerstad. Turområda ved Kleivvann er mest brukte på vintarstid og me skildrar i hovudsak skiløypene. Skisesongen plar vere lang og skiløypene er velstelte. Området er familievenleg. Løypene går i fredeleg fjellnatur, og mange skiløparar finn vegen hit. Det er til vanleg 3 aktuelle oppkøyrde skiløyper, avhengig av snøforholda: Kleivvann-Oterstjenn (5,6 km turretur), Kleivvann-Hekkentjenn (9,4 km tur-retur) og Drivheia rundt frå Kleivvann (12 km). Vestølløypa (15 km tur-retur) blir og køyrd opp. Gjerstad IL arrangerer kvart år Drivheia Rundt, eit turrenn på 22 km.
TURENE (VINTER): KLEIVVANN - OTERSTJENN (5,6 km tur-retur) Løypa går frå parkeringsplassen ved Kleivvann (300 moh) 1 km langs Kleivvann til vegskiljet ved gapahuken i Kleivvassdalen. Ta løypa til høgre opp bakken, og vidare innover flatene forbi Kleivvasstjenna på venstre side og slakt ned til Oterstjenn og rundkøyringa. Heile tida er det skog langs løypa. Same vegen tilbake. Det er mange plassar å raste langs løypa. KLEIVVANN - HEKKENTJENN (9,4 km tur-retur) Løypa går frå parkeringsplassen 1 km langs Kleivvann til vegskiljet ved gapahuken i Kleivvassdalen. Ta til venstre opp bakken, og vidare innover flatene forbi Steinvorstjenn og Vegvisaren, og slakt ned mot Kasplassen. Etter ein liten kneik er det langt unnarenn ned til Hekkentjenn, før siste beten til løypa snur midt på Hekkentjenn, ved ei hytte. Heile tida er det skog langs løypa. Me går same vegen tilbake, men no er det meir oppoverbakke! Å gå på ski i desse løypene i fullmåne eller med hovudlykt gjev ei nær og særmerka naturoppleving. DRIVHEIA RUNDT FRÅ KLEIVVANN (12 km). Løypa går først langs Kleivvann til vegskiljet ved gapahuken i Kleivvassdalen. No tek me løypa til høgre mot Oterstjenn, og på toppen av bakken går me til venstre i slak stiging innover myrane, etter stakemerkinga. Skilåma går over Kattheia og forbi ei tjenn på høgre side før løypa etterkvart stig opp på Søndre og Nordre Skavlen. Her ser me eit glimt mot sjølve Drivheia, og alle turhjarte gledar seg. Me ser og Moskam og Solhomfjell i det fjerne. Løypa buktar seg mjukt vidare og me rundar Skåptjenn. Under fjellet her er det mange som rastar og solar seg utpå vintaren. Ta med ved til bålet! Etter ei bratt stiging er me på Svåene og vidda ligg føre oss. Her ser me mange gonger rypespor i snøen, og vind og ver kler trea i iskåper og rim. Andre gonger lutar trea seg til bakken, nedtynga av snø. No går løypa inn i ope lende med småbjørker og furutre, og under snøen ligg dei fine svåfjella på Drivheia. Stopp opp litt, snu deg attende og la augo fare. Det er godt utsyn mot Hekkentjenn og vidare mot Vegårshei. Snart går løypa over Åshildsmyr, og rundar toppen. Me stoppar ved boka og skriv namna. Toppen av Drivheia ligg 442 moh, og landskapet gjev oss ei kjensle av høgfjell. Frå toppen og ned til Torbjørnsli er det om lag 3 km samanhengande nedoverbakke. Tek me skituren på ettermiddagen, kan me oppleve vakker solnedgang på nedfarten. I svingen ovanfor Torbjørnsli kjem løypa inn på vegen mellom Kleivvann og Hekkentjenn. Følg løypa opp bakken til venstre og vidare mot Vegvisaren og gapahuken og fram til parkeringa ved Kleivvann. GAPAHUK: Ved vegskiljet 1 km inne langs Kleivvann går vegen til høgre til Oterstjenn og til venstre til Hekkentjenn. Her ligg det ein gapahuk med bålplass og utedo. Gapahuken tilhøyrer Løite og Haugen elgjaktlag, men er open for alle. TURENE (SOMMAR) Skiløypa Drivheia rundt er merka med stakar og kan gåast på sommarstid. Elles anbefalar me å gå inn frå Torbjørnsli, der skiløypa kjem ned på vegen, og gå rett opp fjella til Drivheia. Drivheia har mange nakne svåfjell, små tjennar og vide utsyn. Det er fint å vandre langs Kleivvann på skogsbilvegen, og vidare mot Oterstjenn eller Hekkentjenn. Det er greitt å gå her med barnevogn. BADEPLASS Ved parkeringsplassen er det ein naturvakker badeplass i Kleivvann. Det er grasbakke og fjell som innbyr til rasting, men tenn ikkje bål her. Har du lyst på ein padletur, er det lett å kome ned til vatnet med kano eller kajakk ved parkeringsplassen eller inne ved gapahuken. BÆRTERRENG I områdene rundt Kleivvann og Drivheia er det lett å finne blåbær, tytebær og krekling. Det er fisk å få både i Kleivvann og Hekkentjenn. Hugs fiskekort. VESTØLLØYPA (15 km) Vestølløypa blir køyrd opp når snøforholda tilseier det. Litt etter parkeringsplassen ved Kleivvann ved skiløypa står det ei oppslagstavle med kart over turområdet. Vestølløypa går opp til venstre og inn i skogen mot Vestøl. Løypa er delvis bratt og går over Almenningsheia og over flate myrar til Eldstømyr. Her passar det med ei pause i gapahuken før me går vidare til Vestøl. Hugs å skrive namna i boka. Tilbake same vegen. Turen kan og starte på Vestøl, med parkering ved saga.