Elise Nærø på Fiskå Brygge Gjestgiveri

Vi har gleda av å invitere til intimkonsert med Elise Nærø på Fiskå brygge Gjestgiveri. Vi kan vente oss ein konsert med mange musikalske høgdepunkt. Elise vart betre kjent for det norske folk som...
08.nov
-
kl 14:00

Detaljer

Vi har gleda av å invitere til intimkonsert med Elise Nærø på Fiskå brygge Gjestgiveri. Vi kan vente oss ein konsert med mange musikalske høgdepunkt. Elise vart betre kjent for det norske folk som deltakar i The Voice 2017, der ho song seg heilt til semifinalen. Sidan har ho opna boksestevnet This Is Oslo (direktesendt på VG.no) med egenkomponert låt; This Is So You (2018), hatt hovudrolle som syngande forteljar i Herøyspelet (2018), gitt opptredenar over heile landet og gitt ut sin fyrste solosingel på norsk; Heime her (2021). Elise er kjent for sine stemningsfulle tolkingar av populære songar. Denne kvelden byr ho på mange vakre favorittar. Du får servert spennande versjonar av hits frå fleire sjangrar og tiår. Med piano og vokal skapar Elise eit nært og personleg uttrykk som treff deg rett i hjertet. Ho let tekst og melodi få skine og plutseleg tek du deg sjølv i å synge med Konserten blir framført i to avdelingar med 15 min pause. Konserten startar kl 20.30 og varer i ca 1,5 time, inkludert pause. Her har du anledning til ein flott helaften. Nyt gjerne eit godt måltid før konserten. Kanskje ønsker du å overnatte i eit av dei flotte roma med havutsikt? Bordbestilling og booking tlf: 400 36 442 facebook.com/fiskaabrygge Velkomen skal du vere!

Praktisk info

Enjoy-kode: 838840
Type
Konserter
Passer for
Barn, Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Fredag
08/11 2024 kl 14:00
Fiskå brygge gjestgiveri 15 Fiskåvegen
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.