star
star
star
star
star

Familietur med telt og fiskestang til Fossvatnet ved Dyrkolbotn

Vil du ha ein telttur i høgfjellterreng, med fiskestang i sekken, er dette turen for deg. Målet er nordenden av Fossvatnet. Turen startar på parkeringsplassen ved vatnet i Dyrkolbotn, og følger...
Foto: Bjørn Olav Hagesether

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 723646
Turen startar på parkeringsplassen ved vatnet i Dyrkolbotn.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
2 timer
Lengde
5.7 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Vil du ha ein telttur i høgfjellterreng, med fiskestang i sekken, er dette turen for deg. Målet er nordenden av Fossvatnet.

Turen startar på parkeringsplassen ved vatnet i Dyrkolbotn, og følger T-merka rute mot Skavlabu.

Første delen går på grusveg langs Botnavatnet. Ved brua som kryssar elva tar du til høgre ved skilt til Skavlabu. Herifrå stig det ca. 50 høgdemeter opp til Fossvatnet. Her er det fin utsikt tilbake over gardane og Botnavatnet. Her er det fint å ta ein pust i bakken før ein går vidare langs Fossvatnet. Ein liten kneik opp på Langaneset og du ser turmålet, odden heilt nor i Fossvatnet. Når du har kryssa elva som kjem frå Instebonvatnet tar du til venstre og ned på flaten nord for vatnet. Heilt ute på odden er det tørt, og den «finaste teltplassen i Nordhordland».

Det er fisk både i Fossvatnet og Instebotnvatnet. Den bit villig både på sluk, spinner og mark.